Bergen og Omland Friluftsråd

 


Hurtigvalg til de mest populære friluftsområdene og badeplassene


Logo kyststien

Kårtveitpollen friluftsområde

Stad: Ved riksvegen sør for Solsvik, eit par km nord for Ågotnes.
Areal: 46 dekar.

Område for bading og fiske. Fin og lun badevik med sandstrand og svaberg. Badestranda er tilrettelagt med skjelsand og er vel eigna for born. Stupebrett. Toalett. Parkeringsplass ved riksvegen. Utsettingsrampe for småbåtar. Friluftsrådet leiger ut 14 fortøyingsplassar. God gangveg frå bilvegen langs stranda og fram til badeplassen. Hytta i området vert nytta av Sotra og Øygarden jeger og fiskeforening som klubblokale og til ungdomsaktivitetar og turar for ungdom. Kårtveitpollen er og eit godt utgangspunkt for padling på vestsida av Sotra.

Logo BOF © Bergen og Omland Friluftsråd, Hellebakken 45, 5039 Bergen, telefon 55 39 29 50. Sist oppdatert 03.01.2011 | Send e-post til BOF