Bergen og Omland Friluftsråd

 


Hurtigvalg til de mest populære friluftsområdene og badeplassene


Logo kyststien

Håøya friluftsområde

Stad: Halvøy, nordre del av Flatøy - tvers over Lillebergen på Holsnøy.

Areal: 255 dekar.

Området er vakkert og romsleg, ligg fint midt i leia og er ein populær utfartsplass for heile regionen. Tidlegare militært område med mange verneverdige krigsminne. Den gamle forvaltarbustaden er ein viktig del av miljøet. Gangveg til utsiktspunkt på toppen av Håøya. På austsida er det og rydda ein gangsti.

I området er det fortøyingsboltar, brygge for småbåtar og hovudkai med leidarar for ombord- og ilandstiging. Toalett, fast grill, bord og benk ved kaien. Informasjonstavle som syner kulturminne.

Gode høve for telting. Området er mykje nytta av speidarar og skuleklassar. Flatøy bygdelag arrangerer den årvisse "Håøyfestivalen" i juni kvart år. I reservasjonslista kan du sjå om det er nokon teltplassar eller kystledhus som er reservert.

Meland kommune har i samarbeid med BOF laga turkart for Håøya, dette finst også i blindeskrift. Eit gamalt naust er sett i stand og kan nyttast som sjul om det er dårleg ver. Atkomst frå land på sti frå "Sementblandeverket" på Flatøy, sjå turkart.

Acrobat logo
Informasjonstavle med kulturhistorie, 121 kb.

Acrobat logo
Brosjyre med turkart, 2,37 Mb.


Utsikt frå Håøytoppen. Foto: BOF


Håøya friluftsområde har fleire kaier og store grasbakker i bakkant, som egner seg godt til telting og rekreasjon. Foto: BOF

Logo BOF © Bergen og Omland Friluftsråd, Hellebakken 45, 5039 Bergen, telefon 55 39 29 50. Sist oppdatert 03.01.2011 | Send e-post til BOF