Stad: Sørvestsida av Strøno.
Areal: ca. 740 dekar.
Ervikane er eit av dei finaste friluftsområda i Bergensregionen. Frå Krabbeviksvegen går det ein ca. 400 m lang køyreveg til to parkeringsplassar for til saman ca. 70 bilar. Derifrå er det ca. 250 m gangveg fram til idylliske badeviker og solplassar. Gode tilhøve for telting. I reservasjonslista kan du sjå om det er nokon teltplassar eller kystledhus som er reservert.
Toalett lagt til rette for rørslehemma. Bru til Vetle Hestholmen, som er ein populær fiskeplass. To informasjonstavler - ei ved parkeringsplassen og ei i strandområdet. Bord og benkar. Fast grill. Kai nord i friluftsområdet. Besøk gjerne turboksen i Ervikane, ei av 16 geocacher som BOF har lagt ut i ulike friluftsområde. Ei flott rundtur er å følgje gangvegen og stien sydover i bakkant av vikane, frå Langetangen går den gamle ferdselsvegen til Sørstrøno, Nordstrøno og Ervikane.
© Bergen og Omland Friluftsråd, Hellebakken 45, 5039 Bergen, telefon 55 39 29 50. Sist oppdatert
03.01.2011
| Send e-post til BOF