Der skyssbåten legg til på Lysøya er det ei fin badefjøre for born. Foto: BOF.
Lysevågen er ein flott uthamn. Foto: BOF
Stad: I Lysefjorden. Med bil frå Bergen ta riksveg 546 til Fana kykje og vidare over Fanafjell til Lysekloster. Skyssordning med båt frå Buena kai på Lysekloster.
Areal: 650 dekar.
Lysøya var Ole Bull sin sumarbustad. Eigedomen er ei gåve frå familien Bull til Fortids-minnesforeningen i Bergen, og er no museum. Bergen og Omland Friluftsråd er med og forvaltar naturområdet, som er godt egna for utflukter. Lysøya har 13 km gode gangstigar, variert natur, skogstjørn, utsiktstårn og badeplass både nord i Lysevågen og ved kaien nær museumsområdet.
Lysevågen er ei populær uthamn for båtfolket. Vågen er tilrettelagt med fortøyingsboltar. Besøk gjerne turboksen på Lysøya, ein av 16 geocacher som BOF har lagt ut i ulike friluftsområde.
Kombiner ei tur til Lysøya med eit besøk i villaen, som er open for omvising i sommarsesongen. Skyssordning mellom Buena kai og Lysøya frå 18. mai til 31. august, og sundager i september. Skyssbåten "Ole Bull" har avgang frå Buena kai på Lysekloster kvar heile time i museet si åpningstid (Frå 12-15 på kvardager og 11-16 på sundager). Hugs at på Lysøya er det ikkje lov å grille.
Meir informasjon om villaen og avgangstider med båt frå Lysøya, på Museet Lysøen sine nettsider.
![]()
Brosjyre Lysøya , 2 Mb.
Åpne kart over Lysøya i eige vindu.
Der skyssbåten legg til på Lysøya er det ei fin badefjøre for born. Foto: BOF.
Lysevågen er ein flott uthamn. Foto: BOF
© Bergen og Omland Friluftsråd, Hellebakken 45, 5039 Bergen, telefon 55 39 29 50. Sist oppdatert
03.01.2011
| Send e-post til BOF