
Søre Tednevågen. Foto: BOF
Skorpo friluftsområde
Stad: Sørvest på øya Skorpo, som ligg ytst i Lysefjorden, vest for Strøno. Området er lett tilgjengeleg frå Korsfjorden eller Bjørnefjorden.
Areal: 100 dekar
God hamn, tilrettelagt med fortøyingsboltar på neset og ein liten og ein stor kai inne i Tednevågen. Fortøying ved kai i maks. 1 døgn når det er mye trafikk. Friluftsområdet har ellers badevik med sandstrand og fleire naturskjønne svaberg og badeviker. Ved den største badevikjo er det stupebrett og badehus. Området har naust som er med i kystleia, til fri bruk for dei som vitjer området. I enden av naustet er det også toalett tilpassa for rørslehemma og rullestolbrukarar. Informasjonstavle like ved naustet. Fleire faste griller og bord og benker er plassert ved naustet og i badevikjo.
Informasjon om historien til Skorpo finn du i brosjyren om friluftsområdet. Frå friluftsområdet går det stig opp til mellom anna musikk og kjeglehallen og utsiktspunktet på Tednevåghenen. Brosjyra har og kart som kan vere greit å ha om du går på tur utover på Teistanése eller innover på øya.
![]()
Brosjyre, 700 Kb.
