Bergen og Omland Friluftsråd

 


Hurtigvalg til de mest populære friluftsområdene og badeplassene


Logo kyststien

Ormhilleren friluftsområde

Stad: Ved Rongesundet, like ved nordsida av brua
Areal: 150 dekar.

Romsleg område med stor barnevenleg badefjøre grassletter og fine svaberg. Badefjøra ligg mot ei stor dam med sjøvatn, som får friskt vatn når det flør. Godt stongfiske langs svaberga. Landskapet er karakteristisk med hallande terreng med buskfuru, gras og lyngvegetasjon.

Fortøyingsboltar. Parkeringsplass for 25 bilar ved Øygardsvegen. God gangveg (500 m) frå parkeringsplassen til badefjøra, som er tilrettelagt med skjelsand. Toalett og informasjonstavle ved parkeringsplassen. Området er egna for telting. Tursti gjennom friluftsområdet og vidare langs strandlinjen under Rongesundbrua. Også mulig å parkere på den gamle ferjekaien ved Rongesundet. Her er det også offentleg utsettingsrampe for småbåter. Besøk gjerne turboksen i Ormhilleren, ei av 16 geocacher som BOF har lagt ut i ulike friluftsområde.

Acrobat logo
Plakat, 266 Kb.

Ormhilleren friluftsområde. Foto: Helge Sunde.

Logo BOF © Bergen og Omland Friluftsråd, Hellebakken 45, 5039 Bergen, telefon 55 39 29 50. Sist oppdatert 21.10.2011 | Send e-post til BOF