Hurtigvalg til de mest populære friluftsområdene og badeplassene


Logo kyststien

Skogsøy friluftsområde

Stad: Langs stranda på sørsida av Skogsøy og ein teig på Flatøy.
Areal: 240 dekar.

Friluftsområdet har viker med fin badefjøre og svaberg som ligg i ly for vind og vêr frå nord og vest. Gode fortøyingstilhøve i søndre del av området. Utanfor ligg ei rekkje holmar, sund, viker og grunne sjøområde. Området har fleire fornminne og restar av gamle buplassar. Meir informasjon om fornminna på Norsjøløypa sine sider. Skogsøytuva er og rekna for å vere ei av dei beste plassene for å observere fugl på trekk langs kysten nord for Bergen.

Frå brua før Herdlevær er det omlag 45 minutt gange på stig fram til friluftsområdet og Skogsøytuva. Godt fottøy er naudsynt. Parkering langs vegen før brua til Herdlevær, der det og er informasjonstavle med kart. Sau på beite heile året. Hugs bandtvang.

Acrobat logo
Last ned informasjonstavle med kart , 862 Kb.

Sjå lysbildeserie.

Skogsøytuva sett frå friluftsområdet. Foto: BOF.

Logo BOF © Bergen og Omland Friluftsråd, Hellebakken 45, 5039 Bergen, telefon 55 39 29 50. Sist oppdatert 17.08.2010 | Send e-post til BOF