Bergen og Omland Friluftsråd

 


Hurtigvalg til de mest populære friluftsområdene og badeplassene


Logo kyststien

601 Flesjane friluftsområde

Stad: Indre del av Samnangerfjorden. Lettast tilkomst med båt, men og over Prestavegen frå Ådland Kyrkje.
Areal: 800 dekar.

Større kommunalt sikra friområde. Frodig område som vert mykje nytta til turar, bading, grilling og båtliv. Prestavegen går frå Ådland til Hellenaustet og er høveleg for familiar med born. Frå hovudstigen er det fleire flotte badeplassar ned mot Flesjane med sittebenkar og flott utsikt. Området har fleire kulturminne. Frå Prestavegen kan ein og ta av til Skutevika der ein mellom anna kan sjå restar etter klebersteinsbrota. Besøk gjerne turboksen i Flesjane, en av 16 geocacher som BOF har lagt ut i ulike friluftsområde. Stien kan ha bløte parti, hugs god fottøy.

Bilete under: Strandlina i Flesjane friluftsområde har fleire flotte svaberg og badeviker (badevika i Flesjane øverst og Skutevika nederst).

Flesjane
Flesjane friluftsområde

 

Logo BOF © Bergen og Omland Friluftsråd, Hellebakken 45, 5039 Bergen, telefon 55 39 29 50. Sist oppdatert 05.01.2011 | Send e-post til BOF