Last ned brosjyrer !


Hovedbrosjyre (NB! 11 MB)


Siste BOF-nytt


Med klassen til sjøen


Padleløyper i Lindås tekstdel

Padleløyper i Lindås kartdel


Kystleia side 1

Kystleia side 2


Kollevåg


Sandholna


Horgo


Hitsøy


Løno


Skageneset tekstdel

Skageneset kartdel


Gullbotn


Kvarven


Ånuglo tekstdel

Ånuglo kartdel


Lysøen


Ervikane


Håøya


Skorpo


Kollevåg


Øvre Hellen tekstdel

Øvre Hellen kartdel

Friluftslova og allemannsretten

Allemannsretten er eit gratis fellesgode. Retten er tufta på omsynsfull framferd overfor grunneigarar, andre brukarar og respekt for naturmiljøet. Friluftslova gjev retningsliner som syner korleis vi skal nytte desse rettane og pliktene:

• Det er ikkje tillate å ferdast på innmark, unnateke når marka er frosen i tida 15. oktober til 29. april. Innmark er mellom anna fulldyrka mark, kulturbeite, hage, hustomt og yngre plantefelt. Utmark er i prinsippet alt som ikkje er innmark. I praksis vil det vere største delen av strender, svaberg, vatn, myr, hei, skog og fjell i Noreg.
• Under ferdsle har alle rett til å dra opp båt eller kano på strandstrekning i utmark, for kortare tid. Du kan ikkje nytte kai eller brygge utan løyve frå grunneigar eller brukar.
• Med telt kan du fritt overnatte same stad i utmark inntil to døgn i låglandet, men reis ikkje telt nærare enn 150 meter frå hus eller hytte der det bur folk.
• Det er forbod mot å ferdast i naturen med motorkøyretøy.
• Ver varsam med eld, hugs at du ikkje skal tenne bål i nærleiken av skogsmark i tida 15. april til 15. september. Sett ikkje eingongsgrill direkte på bert fjell eller gras. Dersom du lagar bål i strandkanten, ikkje legg bålplassen rett på svaberg slik at berget sprekk.
• Hund skal haldast i band der bufe beiter. Nokre kommunar har strengare reglar for bandtvang, som det er hundeeigaren si plikt å halda greie på.
• Ville bær og sopp kan fritt plukkast.
• Jakt og fiske i ferskvatn og vassdrag inngår ikkje i allemannsretten. Retten ligg hjå grunneigar, som må gje løyve. Fiskekort kan kjøpast lokalt.
• Meir informasjon om allemannsretten i strandsona finn du på nettsidene til Direktoratet for naturforvaltning, www.dirnat.no/strandsone.
• I område verna etter naturvernlova gjeld særskilde reglar. Kontakt Fylkesmannen om du ynskjer nærare informasjon.

Brosjyren "Reiseliv og hensyn til dyrelivet" gitt ut av Direktoratet for naturforvaltning, som har nyttig informasjon om hvordan vi skal oppføre oss for å unngå å forstyrre dyrelivet.

Regler for bålbrenning

All bålbrenning i eller i nærheten av skogmark er forbudt uten brannsjefens tillatelse i tiden 15. april – 15. september, jfr. brann- og eksplosjonsvernloven § 5 om den enkeltes plikt til å forebygge og begrense skadevirkningene ved brann, eksplosjon og annen ulykke.

Forøvrig kan det gis anledning til å brenne mindre bål i den ekelte kommune etter nærmere rettningslinjer.

Se Bergen brannvesen sine nettsider for detaljert informasjon.

Sjøvettreglane

1. Tenk tryggleik - Kunnskap og planlegging gjev redusert risiko og økt trivsel.
2. Ta med naudsynt utstyr - Utstyr må haldast i orden og gjerast lett tilgjengeleg.
3. Respekter ver og farvatn - Båten må berre nyttast under eigna tilhøve.
4. Følg Sjøveisreglane.
5. Bruk redningsvest eller flyteplagg
- Det er påbudt med godkjent flyteutstyr om bord.
6. Ver utkvilt og edru
Promillegrensa er 0,8 når du fører båt.
7. Vis omsyn

Tryggleik, miljø og trivsel er eit felles ansvar.
Førebu deg på at det kan skje ei ulukke, og tenk gjennom korleis du bør fara
åt: Halda roen, bli ved båten og tilkalla hjelp.

Badevettreglene

1. Lær å svømme.
2. Bad aldri alene.
3. Bad ikke når du er sulten, like etter at du har spist, eller når du er påvirket av rusmidler.
4. Stup ikke uten videre uten å vite hvor "grundt" det er.
5. Svøm langs land. Svøm ikke under brygger eller foran stupbrett.
6. Dytt ikke andre ut i vannet.
7. Dukk aldri noen under vann!
8. Gå på land hvis du føler deg kald eller uvel.
9. Rop om hjelp bare hvis du er i fare - Aldri ellers.
10. Bruk godkjent redningsvest.

Jakt og fiske

I sjøen er fritidsfisket fritt, noko som er ein viktig del av allemannsretten, og ein kan fiske utan løyve frå grunneigaren. Dette gjeld også laksefiske i sjøen med stong, men fisket må skje minst 100 meter frå elveutløpet. Det frie fisket gjeld også fiske med fastståande reiskap. Eit unnatak frå fritt fiske er fiske med fastståande reiskap etter anadrome laksefisk. Her har grunneigaren fyrsteretten på og nær eigen grunn. Det finst eit omfattande regelverk for fisket i saltvatn. Det handlar om både lovleg reiskap, merkingsplikt og fisketider. For fiske med stong eller andre handreiskapar er det relativt få restriksjonar.

Frå 1. januar 2002 fall fiskeavgifta for fiske etter innlandsfisk bort. Enkeltpersonar og familiar slepp dermed å betale årsavgifta til staten. Ved fiske etter laks, sjøaure og sjørøye må ein framleis betale avgift. Du må framleis kjøpe fiskekort lokalt. I perioden 1. januar til 20. august har born og ungdom under 16 år rett til gratis fiskekort der det er organisert kortsal. For vassdrag med laks, sjøaure og sjørøye skal dei berre betale lokal fiskekortavgift.

Småviltjakt krev at du er registrert i jegerregisteret og har betalt jegeravgift. Alle fyrstegongsjegerar må avleggje jegerprøven. I tillegg til jegeravgift må du løyse jaktkort lokalt. Skal du jakte frå båt på sjøen, krevst det berre jegeravgift. Det er berre tillate å felle individ av artar det er fastsett jakttid for. Andre artar er freda.

Opplysningar om jakt og fiske i Hordaland kan ein få ved å ta kontakt med Norges Jeger- og Fiskerforbund i Hordaland (nettsider: www.njff-hordaland.com) eller med administrasjonen i kommunane. Direktoratet for naturforvaltning har mykje nyttig informasjon om jakt, fiske og friluftsliv på nettsidene sine (www.dirnat.no).

Logo BOF © 2008 Bergen og Omland Friluftsråd, Hellebakken 45, 5039 Bergen, telefon 55 39 29 50. Sist oppdatert 19.04.2010 | Send e-post til BOF