Friluftsområder i Vaksdal kommune
Når du tek sjøvegen innover frå Trengereid gjennom Sørfjorden og Veafjorden på austsida av Osterøy, fylgjer du i fotspora til forfedrane våre. Isen høvla ut desse fjordane, og då istida var over, kom dei første hordalendingane inn hit. Rik tilgang på vilt og fisk var ein av grunnane til at dei slo seg til i Skipshellaren på Straume, truleg den beste veidestaden i Hordaland i steinalderen. Fjorden var lenge einaste ferdavegen, og langsmed den slo folk seg ned. I dag ser du enno gamle fråflytta gardar langs fjorden innover, og nokre laksegiljer står som minne om gullalderen.
Det er ikkje så mykje som er tilrettelagt for båtfolket enno, så du kan nyta idyllen stort sett i fred og ro. Ved tettstadene langs fjorden er kai som du kan leggja til. I dei djupe fjordane finst mange fiskeslag. Langs hovudleiene er det trygt å fara for kven som helst, men tek du innover mot Bolstad, må du vere lokalkjend og fylgja merkinga, for her er det både grunt og kraftige straumar. Undervegs innover fjorden er det mange stader der du kan leggja båten og ta ein tur langs gamle stigar opp til fjellvatn for å fiska eller for å få utsikt frå ein topp.
