Horgo
Horgo i Austevoll ligg ut mot storhavet mellom Møkster og Stora Karlsøy, med utsyn mot Marstein fyr. Friluftsområdet er eit tidligare småbruk på omlag 60 dekar på nordvestre delen av øya. På grunn av brannforskriftene vert huset ikkje leigd ut til fleire enn ni personer.
Huset har innlagt kaldt vatn, men ikkje straum. Vatnet er ikkje godkjent som drikkevatn. Ta med sovepose, det er ikkje dyner og puter. På kjøkkenet er det kokeplate og kjøleskap med propangass, kokekar og dekketøy. Ta med kjøkkenhåndkler og vaskekluter til eige bruk.
I stova er det vedomn og ei lita parafinomn. Vi rår til å ta med ved, parafin og stearinlys til eige bruk. Ei større grill er tilgjengeleg for dei som leiger huset. Hugs å ta med grillkull og tennvæske. Dei som leiger huset pliktar å rydda og gjere reint etter seg.
Utleigeprisar: Leige av huset koster kr. 400 pr. dag i helgen, og kr. 200 pr. dag i ukedagane.
| Last ned brosjyre som syner friluftsverdiane i Horgo. |