Bla i friluftsrådets brosjyrer eller last ned brosjyrer og skriv ut et eksemplar på egen skriver.


 

Løno

Løno ligg vest i havet frå Møvik i Fjell kommune. Øya er ei av dei vestligaste i skjærgarden til Sotra og Øygarden. Området rundt øya er ope og værhardt og det krevst godt vær for å nå ut til friluftsområdet. Om du nyttar nokre dagar på Løno, må du vere budd på at været kan forandre seg fort slik at det kan verte vanskeleg å ta seg attende til fastlandet. Huset har enkel standard med kjøkken, to stuer og to soverom. Det er ikkje elektrisitet eller innlagt vann. Kjøkkenet er utstyrt med gass til koking, gryter og litt dekketøy. Soveromma har senger til fem personer. Ta med sovepose, kjøkkenhånkler og kluter til eige bruk. Vatnet i brønnen ovanfor hytta er uegna som drikkevatn. Husk difor å ta med drikkevatn til eige bruk. Dei som leiger huset pliktar å rydda og gjere reint etter seg.

Utleigeprisar: Overnatting koster kr. 400 pr. dag i helga (fredag-søndag), og kr. 200 pr. dag i ukedagane.

Sjå kva dato som er ledig.

Last ned brosjyre som syner friluftsverdiane i Løno.
Last ned klatrefører for klippevegg ved hytta.


View Larger Map

Logo BOF ©2006 Bergen og Omland Friluftsråd, Hellebakken 45, 5039 Bergen, telefon 55 39 29 50. Sist oppdatert 07.04.2010 | Send e-post til BOF