Bla i friluftsrådets brosjyrer eller last ned brosjyrer og skriv ut et eksemplar på egen skriver.


 

Skageneset

Skageneset er eit tidlegare småbruk som vart sikra som offentleg friluftsområde i 1982. Radøy kommune eig og Bergen og Omland Friluftsråd forvaltar eigedomen, som er på 50 daa. Våningshuset har to stover i første høgda med eit lite kjøkken i midten. Kjøkkenet har gassapparat for koking og enkelt kjøkenutstyr. I andre høgda er det to soverom med 7 senger og ein midtgang med to senger.

Huset har ikkje straum og innlagt vatn, vanlegvis er det tilgang til takvatn frå stamp på utsida av huset. Vatnet er ikkje godkjent som drikkevatn, hugs difor å ta med drikkevatn. Det er ikkje sengetøy i hytta, ta med sovepose. Ta og med kjøkenhånkler og vaskekluter til eige bruk. Parkering ved Rådhuset i Manger, der det går sti vidare gjennom utmarka til Skageneset. Hvis du ikkje har vore på Skageneset før, rår vi til å ta med turkartet utarbeid for området.

Naust med robåt og to tomannskajakker følgjer med ved utleige, hugs redningsvest. Ved naustet er det ei romsleg trekai og ved kaia er det satt opp bord og benk. Området er og godt egna for telting. Detaljert kart med meir informasjon kan du laste ned via koblinga under. NB! Parkering i Birkelandsvågen, kun etter avtale med Friluftsrådet.

Utleigeprisar:
Leige av hytta kr. 400 pr. dag i helga (fredag og laurdag), og kr. 200 pr. dag i ukedagane.

Sjå kva dato som er ledig.

Sjå bilete frå Skageneset.

Brosjyre med informasjon om utleiehuset og friluftsområdet.
Turkart fra Manger til Skageneset.


View Larger Map

Logo BOF © 2008 Bergen og Omland Friluftsråd, Hellebakken 45, 5039 Bergen, telefon 55 39 29 50. Sist oppdatert 23.08.2010 | Send e-post til BOF