Hurtigvalg til de mest populære friluftsområdene og badeplassene








 

 

Friluftsområder og badeplasser i Bergensregionen

Skjergarden i Hordaland er kanskje den mest mangfaldige vi har i Noreg. Her finn du blankskura svaberg med storhavet i vest, grøne, skogkledde øyar og fjordar som strekkjer seg innover mot fjella, breane og høgfjellsplatåa. Bergen og Omland Friluftsråd har sikra og lagt til rette ei mengd område for ålmenta til rekreasjon for alle som bur i regionen. Områda kan fritt nyttast av alle som vil hente nye krefter og inspirasjon frå naturen. Her er badeplasser, friluftsområder, kyststiger, idylliske uthavner, teltplasser, utleigehus i kystleia og områder for padling med kano og kajakk. Under kvar kommune finn du ein kort omtale av kvart område. Dei fleste friluftsområda har god tilkomst med buss. Meir informasjon om bussruter finnst på www.rutetelefonen.no.

Klikk på kartet eller i menyen til venstre om du vil ha meir informasjon om friluftsområda i våre 14 medlemskommuner. Under kvar kommune ligg filer med posisjonen til alle friluftsområda, filene kan du laste ned og overføre til din GPS.

Statens kartverk, Geovekst og kommuner >


Vis større kart

Bergen og Omland Friluftsråd driv meir enn 180 ulike friluftsområde i Hordalandsskjergarden i år 2007. Dei fleste områda er det Friluftsrådet, kommunane eller staten som eig. I alle områda våre prøver vi å få så lite søppel som mogleg som må samlast inn og takast med frå områda. Vi oppmodar difor brukarane om å ta med alt søppelet heim. Av same grunn er det berre dei største og mest brukte friluftsområda som har søppelspann. Eingongsgrillar er vorte eit stort problem for friluftsrådet. Legg ikkje eingongsgrillane på brennbart underlag, og slokk dei forsvarleg før du kastar dei. Vi gjer merksam på at det ikkje er lagt ut toalettpapir på toaletta.

Nokre friluftsområde i god avstand frå dei største befolkningskonsentrasjonane skal enno liggje slik kulturlandskapet på kysten er forma etter års bruk slik at alle kan få høve til å oppleve natur og kulturlandskapet utan for mange forstyrrande element. Dette gjeld òg verneområda i Hordaland, der eit utval er omtala på nettsidene. Også allemannsretten og reglar for jakt og fiske, er det og nyttig å lese om før du legg ut i naturen.

Fleire av friluftsområda er omtala i andre trykksaker frå Friluftsrådet. Desse kan tingast frå Friluftsrådet, kommunen eller turistadministrasjonane i regionen.

Logo BOF © Bergen og Omland Friluftsråd, Hellebakken 45,28.10.2010-- #BeginDate format:Ge1 -->14.09.2009 | Send e-post til BOF