Bergen og Omland Friluftsråd driv meir enn 190 ulike friluftsområde i Hordalandsskjergarden. Dei fleste områda er det Friluftsrådet, kommunane eller staten som eig. I alle områda våre prøver vi å få så lite søppel som mogleg som må samlast inn og takast med frå områda. Vi oppmodar difor brukarane om å ta med alt søppelet heim. Av same grunn er det berre dei største og mest brukte friluftsområda som har søppelspann. Eingongsgrillar er vorte eit stort problem for friluftsrådet. Legg ikkje eingongsgrillane på brennbart underlag, og slokk dei forsvarleg før du kastar dei. Vi gjer merksam på at det ikkje er lagt ut toalettpapir på toaletta.Nokre friluftsområde i god avstand frå dei største befolkningskonsentrasjonane skal enno liggje slik kulturlandskapet på kysten er forma etter års bruk slik at alle kan få høve til å oppleve natur og kulturlandskapet utan for mange forstyrrande element. Dette gjeld òg verneområda i Hordaland, der eit utval er omtala på nettsidene. Også allemannsretten og reglar for jakt og fiske, er det og nyttig å lese om før du legg ut i naturen.
Fleire av friluftsområda er omtala i andre trykksaker frå Friluftsrådet. Desse kan tingast frå Friluftsrådet, kommunen eller turistadministrasjonane i regionen.