Webkamera Helleneset

Webkamera på Helleneset


Last ned brosjyrer !


Hovedbrosjyre (NB! 11 MB)


Siste BOF-nytt


Med klassen til sjøen


Padleløyper i Lindås tekstdel

Padleløyper i Lindås kartdel


Kystleia side 1

Kystleia side 2


Kollevåg


Sandholna


Horgo


Hitsøy


Løno


Skageneset tekstdel

Skageneset kartdel


Gullbotn


Kvarven


Ånuglo tekstdel

Ånuglo kartdel


Lysøen


Ervikane


Håøya


Skorpo


Kollevåg


Øvre Hellen tekstdel

Øvre Hellen kartdel

Frifant i VaksdalMed Frifant på fjordtur
Tekst og foto: Sveinung klyve

5. desember var Frifant på tur i fjordane i Vaksdal for å kikka på badeplassar og friluftsområde.

Vil inn i BOF
Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) er eit interkommunalt samarbeidsorgan som har til oppgåve å sikra, tilretteleggja og stå for dagleg drift av bade- og friluftsområde i Bergensregionen. Rådet, som vart etablert i 1937, har fylgjande medlemskommunar: Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Fjell, Fusa, Lindås, Meland, Os, Radøy, Sund, Tysnes, Samnanger og Øygarden. Vaksdal kommune har søkt om medlemskap i BOF frå 2009. -Styret i BOF går inn for dette, men endeleg avgjerd tek dei 14 medlemskommunane som må vera samstemde i saka, seier styreformann i BOF Sture Tveit frå Samnanger. Eg reknar med at dette går i orden og håpar at Vaksdal er med oss frå våren-09, fortel han. Dagleg leiar Åge Landro er også optimistisk og gler seg til å få med Vaksdal kommune sin vakre fjord- og fjellnatur i BOF. Begge desse var med på båtturen 5. desember for å gjera seg kjend i Vaksdalfjordane. Dei hadde også med seg 3 personar frå si driftsavdeling. Harald J. Stanghelle, styremedlem i BOF for Radøy , no busett på Radøy, men opprinnleg frå Stanghelle, var også med og koste seg på båtturen.- Dette måtte eg berre få med seg sa han, og fortalde ivrig frå dette området der han voks opp som gut.

Frifant
Bergen og Omland Friluftsråds sin arbeidsbåt Frifant er ein viktig reiskap for Skjærgårdstjensten i Bergensområdet. Båten er bygd for å kunna utføra oppdrag i friluftsområda som ligg til sjø. Eksempel på arbeid; er utsetjing av stupebrett og badebøyer, bygging og tømming av toalett, utlegging av skjellsand, transport av slåtteutstyr, gravemaskin, traktor og anna utstyr for drift og tilrettelegging i friluftsområda. Båten vart bygd av Folla Maritime AS i Trøndelag og var klar til sommersesongen 2006. Lengde 15 m, bredde 6,40 m og fart 25 knop. Båten er ein katamaran og har todelt hydraulisk lastelem i baugen, fortel skipper Kjell Brustad.

Ting kan verta betre
Båtturen starta frå Vaksdal kai og fyrste stogg var Sildestadskjæret badeplass. Her har kommunen sett av pengar og ynskjer å gjera tiltak neste år. Eit toalett er ein av dei viktige sakene her, seier Haga. Agnavika på Stanghelle vart BOF folka verkeleg imponert over, men ting kan verta enno betre, og diskusjonen var snart i full gang med gode forslag. Neste stogg var Folavika der det er ynskje å få til noko for båtfolket i framtida. -Eg vart imponert over kor effektiv båten Frifant kjem inn til områda frå sjøen og kan utføra vedlikehald, seier ein begeistra orførar Eirik Haga. Frå kommunen hadde han med seg miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve, konsulent for skog og vilt Terje D. Kvamme og Vaksdal Næringsselskap ved Svein Aksel Sellevold. Med ca 25 knops fart tok det ikkje lang tid før Stamnesbygda viste seg der framme. Så gjekk det roleg og pyntleg inn fjordstraumen, som også er vossolaksen sin einaste veg mot Vosso. No fekk folk med seg lokal historie om storlaksar, sitjenøtene og skattefuten som drukna. Siste stogg var i Skipshelleren, der det var enkel lunsj med bål og informasjon om korleis folk levde her for fleire tusen år sidan. BOF vart imponert over opplegget her inne med Vaksdal kommune si guiding av ca 500 skuleborn kvar vår. Ein blid ordførar og resten av gjengen koste seg på veg utover Veafjorden att, etter ein triveleg dag med fint ver og engasjerte folk som ville sjå på Vaksdal sine vakre fjordar. –Dette er like bra som Nærøyforden, avslutta Haga og vinka farvel då han gjekk av på Stanghelle kai.

Logo BOF © 2008 Bergen og Omland Friluftsråd, Hellebakken 45, 5039 Bergen, telefon 55 39 29 50. Sist oppdatert 14.09.2009 | Send e-post til BOF